Lokalnytt

Fjellrosa 4H på blåtur med ribbåt

Laurdag 24. august var  Fjellrosa 4H på blåtur i ribbåt på Sunnylvs- og Storfjorden. Turen gjekk til Stranda og Valldal, og tilbake.

Sist laurdag la 15 medlemer i Fjellrosa 4H ut på den årlege blåturen. Denne gongen var det nabobygdene Stranda og Valldal med visse aktivitetar som vart besøkt. Fyrste etappe gjekk med  Bonseye og ribbåt frå Hellesylt til Stranda.
På Stranda fekk 4-H-arane prøve seg på golfsimulatoren til Stranda golfklubb, og klatring i det nyopna buldresenteret ved kaia.

Etter nokre timar der var det klart for ferje til Liabygda og vidare til Valldal.
Der fekk alle som hadde lyst prøve seg på Escape-room på Kulå.
I Escape-room blir deltakarane låst inne og må løyse oppgåver innan ein tidsfrist for å få kome seg ut. Dette er både spanande og utfordrande.
Etter Escape-room fekk alle seg servert god, velsmakande pizza.
Dagen vart avslutta med bowling og is.

Alle deltakarane var samde om at det var ein veldig kjekk og spanande blåtur med aktivitetar for ein kvar smak.

Fjellrosa 4H er 40 år i 2024. Dette vil bli markert på haustfesten seinare i oktober.

Fjellrosa 4H sin blåtur laurdag 24. august gjekk med Bonseye sine rib-båtar etter fjorden.
(Alle foto: Doville Sundgot)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380