Frå Ole Ringdal AS til pensjonist
Torsdag 29. august var siste arbeidsdag for Bjørn Tryggestad ved Ole Ringdal AS. I 44 år har han stempla inn og ut ved bedrifta, men no var det slutt.
I lunsjpausen torsdag kom det stor marsipankake på bordet i kantina ved Ole Ringdal AS. Då markerte bedrifta at Bjørn Tryggestad sin faste arbeidsdag var over og at han overlet sin jobb som pølsemakar til andre.
Bjørn Tryggestad kom til Ole Ringdal AS for 44 år sidan. Det var disponent Kristen Ringdal som huka den dyktige pølsemakaren då dei møttest i lakseelva ved Steimshølen.
Bjørn hadde starta i bedrift på Stranda, men etter samtalen vart arbeidsstaden på Hellesylt dei neste 44 åra.
Her har han vore med og utvikla nye suksessfulle produkt som grillmør og kokemør, men også nyare ting som Alpepølsa.
-Det er ikkje berre å hive kjøt i hakkaren, ein må også sjå og vurdere om produktet vil slå ann eller ikkje, seier han.
Det var dagleg leiar, Ole A. Ringdal som opna i Lunsjpausen med rosande ord til Bjørn Tryggestad.
Han hadde vore ein fantastisk medarbeidar og gjort ein enorm innsats for bedrifta ved fleire avdelingar. Han har skapt produkt som bedrifta på Hellesylt har fått ros og ære for, med andre ord ein av Norges beste pølsemakarar, sa Ole Ringdal., og la til;
-Det er trist og vemodig at du sluttar, det har vore ei ære å ha deg som tilsett, sa ein litt rørt dagleg leiar.
Han la til at bedrifta har snakka med hovudpersonen om fortsatt hjelp om det vart behov og vil bruke han om han kan eller vil jobbe meir.
Ole Ringdal ønska sin avtroppande pølsemakar masse lukke til i dagane som kjem.
Også disponent Kristen Ringdal som huka inn Bjørn Tryggestad for 44 år sidan kom med gode ord til heidersgjesten som var berre 23 år då han kom til bedrifta fyrste gong. Då hadde han med seg både fagbrev og vidareutdanning frå Sogn yrkesskule i Oslo.
Også Kristen Ringdal hadde gode ord å dele frå åra ved Hellesylt sin største arbidsplass.
Han ønska han kunne vere både ein seniorrådgjevar og vikar ved bedrifta om det var behov for det ved seinare høve.
Så var det kakefest i kantina. Og det aller fyrste stykket av marsipankaka fekk Bjørn Tryggestad skjere. Kaka hadde denne inskrepsjonen: «Tusen takk for innsatsen gjennom 44 år».