Jentelaget vann sin andre kamp
Sunnylven og Spjelkavik2 møttest til fotballkamp på Hellesylt stadion onsdag kveld. Eit målrikt oppgjør som enda med heimesiger 5-4
Sunnylven sitt jentelag stod med ein siger så langt denne sesongen. Onsdag kveld kom den andre på heimebane mot Spjelkavik 2.
Det var ein jamn og god kamp som eit 50-talls publikum fekk oppleve på Hellesylt stadion onsdag kveld. Og heimesiger vart det til stor glede for både spelarar og publikum.
Kampen opna svært godt for Sunnylven, for alt etter fem minutt leia laget 2-0.
Men Spjelkavik 2 kom tilbake og ved halspela omgang var stillinga uavgjort 2-2. Slik stod kampen å bikka med sjansar til begge lag, til eitt minutt før kvilen, då donka Tora hos Sunnylven inn leiing 3-2.
Uavgjort i andre.
Andre halvdel starta med ein stor glipp i forsvaret hos heimelaget og gjestane frå Spjelkavik utlikna til 3-3. Deretter vart det få store sjansar lenge, heilt til halvspela omgang. Heimelaget fekk hjørnespark som vart donka mot mål fleire gonger, og på det tredje forsøket vart det mål. Sunnylven var i leiinga igjen , og tre minutt seinare auka laget leiinga til 5-3, begge måla av Ingeborg. Ho hadde også ein susar som strauk tverrstonga og ut.
Men spaninga var ikkje slutt. Berre med to, tre minutt igjen av kampen reduserte Spjelkavik2 til 4-5, og dei pressa hardt for ny skåring og poengdeling. Men Sunnylven stod imot og vann fortent 5-4, den andre sigeren til laget denne sesongen.
Målskorarar for Sunnylven var; Tuva, Ane, Tora og to gonger Ingeborg.
God domar i kampen var Oddbjørn Aam, Åmdal IL.