Klipte snora ved Gapahuken.
Etter at nær 70 trimmarar og nokre til var i mål ved Hølten på Ringdal vart Gapahuken opna med snorklipping.
Det var høgtid over opninga av Sunnylven IL sin nye trimpost, Gapahuken ved Hølten på Ringdal. Dit vart det på laurdag arrangert trimtur og konkurranseløp både for unge og eldre med premiering og underhaldning.
Vel framme ved «målet» var det så offisiell opning av bygget av ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang.
Han gav prosjektet mykje ros og deretter klipte han snora, halde av to av arbeidarane med mange timar på bygget, John Ringdal og Amund Lien.
Ei verdig opning av eit flott tiltak av Sunnylven Idrottslag.