Kurs i kalking av gråsteinsmur på Ytste Skotet
Deltakarar på kurset på Ytste Skotet
Denne helga (16-18.08) vart det gjennomført kurs i kalking av gråsteinsmur på Yste Skotet.
Tekst/ foto: Inge Bjørdal
Kurset er eit samarbeid mellom Storfjordens Venner (StVe) og Fortidsminneforeininga i Møre og Romsdal repr. ved Martin Nystad. Kursleiar var murmeister Torgeir Erdal.
Asgeir Kvernberg (StVe) har administrert tiltaket. Det var 10 deltakarar på kurset.
Øvingsobjektet var Eldhuset på YS (sjå bilde). Kalking av gråsteinsmur er eit eige fagområde, og det i dag få som kan faget. Storfjordens Venner har difor sett det som viktig å lære opp/rekruttere personar som kan utføre slikt arbeid. Behovet er stort på mange av gardane langs Storfjorden.
Når kalken er tørr og ferdig herda, blir muren heilt kvit. Dette er eit eldgamalt handverk, og var tradisjonen både her langs fjorden og over alt der dei laga husmurar av gråstein. Dette vart først og fremst gjort for å tette muren mot vind, regn, snø og utøy. Samtidig gav det muren betre stabilitet og lenger levetid.