Opnar Hydrogenfabrikken på Hellesylt
Onsdag 18. september blir det offisiell opning av Hellesylt Hydrogen Hub. I tillegg til svært mange inviterte kjem også statsminister Jonas Gahr Støre, adm. dir. i Norwegian Hydrogen Jens Berge, og styreleiar i selskapet Knut Flakk.
Som eit av verdas fyrste økosystem for grøn hydrogen er det no klart for opning av anlegget på Hellesylt.
Produksjonen her muleggjer overgang frå fossilt brensel til nullutsleppsløysingar for lokal industri, tungtransport, ferjer, cruiseselskap og hurtigbåtar.
Det skriv selskapet i invitasjonen til opning av hydrogenanlegget på Hellesylt 18. september.
Dit kjem mange inviterte og kjente personar. I tillegg til administrerande direktør Jens Berge og styreleiar i Hellesylt Hydrogen Hub, Knut Flakk kjem statsminister Jonas Gahr Støre.
På anleggeet på Hellesylt blir det i tillegg til taler av dei tre, opning med snorklipping, det blir omvising på anlegget for produksjon og fylling av grøn hydrogen, og det blir sett fram eit tradisjonelt sunnmørsk kakebord.
Åpningsseremonien på Hellesylt Hydrogen Hub er onsdag 18. september og startar klokka 13.00.
Gjestar frå Ålesund har avreise med båt klokka 10.00, og retur klokka 15.30, står å lese i invitasjonen.