Ordførar opna ny trimpost i Sunnylven IL
Det var ordførar Einar Arve Nordang i Stranda som fekk æra av å opne den nye trimposten til Sunnylven IL, Gapahuken på Hølten. Deretter var det premiering av deltakarar som fullførte trim og løp til trimposten.
Laurdag 24. august var det klart for opning av Sunnylven IL sin nyaste trimpost, Gapahuken på Hølten på Ringdal. Etter ei tid med dugnad av medlemer i idrettslaget og andre var det klart for både trim og konkurranse om å nå Gapahuken fyrst.
Eit opningsløp frå badestranda på Hellesylt til staden 450 meter høgare oppe i lia på Ringdal samla heile 71 deltakarar.
I trimklassa stilte 21 unge og eldre, og i eliteklassa der raskaste eliteløpar i senior kunne hente seg 1000.- kroner var deltakartalet 49. Og det vart delt ut også andre pengepremiar frå 500.- til 200.- kroner.
Gapahuken på Hølten har blitt eit stasbygg i tre og glas og med tak over. Her i frå kan trimmarar nyte utsikta over både Hellesylt og store deler av Sunnylven.
Det er bratt opp til den nyaste trimposten til Sunnylven IL. Lengda er målt til vel 3.0 km etter løypa som deltakarane gjekk og sprang laurdag, og høgda er 450 meter frå badestranda på Hellesylt. Det er med andre ord eit godt stykke motbakke, men med vakker vestlandsnatur på alle kantar.
Som nemnd innleiinngsvis var det ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang som fekk æra av å klippe snora og opne den siste trimposten til Sunnylven IL. På Hølten vart det deretter musikkinnslag, og premiering av deltakarane i både trim og løp opp til Gapahuken.