Lokalnytt

Populær turveg vart utbetra

Flofjellvegen mellom Vollset i Sunnylven og Flo i Stryn kommune vart i juli utbetra. Turvegen vart sett i god stand der naturkrefter hadde laga skader.

Egil Røyrhus var ein av fleire som i juli jobba med vedlikehald av den populære turvegen. Fleire hundre personar legg naturopplevingar til Flofjellvegen kvar sommar, også syklande og fleire cruiseturistar som kjem med buss frå Hellesylt og blir henta på Flo, eller omvendt.

Til utbetringsarbeidet i år var det søkt om pengar, både frå Stryn kommune og fylkeskommunale middlar frå Møre og Romsdal. Til samar var det løyvd vel 50.000.- kroner fortel Røyrhus.
Arbeidet som vart gjort i år var mellom anna oppmuring av utrasa vegbane på eit par stader, og fjerning av stein og jordmasse som hadde kome inn på vegbana i løpet av vinteren og våren.

Turvegen over Flofjellet er lang, litt over ei mil, men det var spesielt strekninga langs Stigholsvatnet som var skada denne gongen.
No vart vegen god turveg igjen, så arbeidet var viktig og nyttig, seier Røyrhus.

Mange kjem også på sykkel, som fleire frå cruisebåtar som ligg til kai på Hellesylt.
-Då vi jobba der kom eit stort følgje syklistar. Dei sette frå seg syklane om lag ved enden av Stigholsvatnet, og der i frå tok dei beina fat og gjekk forbi oss som jobba, fortel Røyrhus.
-Det er viktig å ha ein god og trygg turveg, og Flofjellvegen er populær for mange som besøkjer området, både born, unge og eldre. Etter arbeidet som vart gjort vart det bra, seier Egil Røyrhus.

Bilder frå arbeidet med utbetring av turvegen langs Stigholsvatnet
Foto: Privat / Egil Røyrhus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380