LokalnyttLokalsport

Solid kamp mot Blindheim

Sunnylven sitt G14-lag mot Blindheim. Fremst burvaktar Elias. Deretter frå venstre: Fredrik, Kai-Adam, Jakob.
Bak frå v: Trenar Eivind Louis, Kristen, Sander, Oskar, Ari, Ingeborg, Therese..

Sunnylven sitt G14-lag møtte Blindheim på Hellesylt stadion tysdag kveld. Det vart ein solid siger til heimelaget i raudt og blått, heile 6-2.

Begge laga som møttest på Hellesylt stadion tysdag har starta haustsesongen godt med store sigrar. Sunnylven vann 8 – 2 over Volda og Blindheim kom til Hellesylt med timåls-siger mot Bergsøy frå siste kamp.

Tysdag var gutane og jentene frå Sunnylven best og vann 6-2 etter 3-1 ved pause.

Kampen opna med 1-0 av Oskar alt etter 12 minutt, så la Sander på til 2-0 ti minutt seinare før Blindheim reduserte til 1-2.
I sluttminutta av fyrste omgang la så Ingeborg på til 3-1 som vart pauseresultat.

Målrikt også i andre halvdel

Andre halvdel vart ei kanonade mot Blindheim sitt mål stort sett heile omgangen. Her donka Oskar inn tre nye mål, før Blindheim reduserte til 2-6 like før slutt.

Det var ein god kamp av heimelaget på Hellesylt stadion . Og siste del av omgangen spela Sunnylven med fleire 12 -og 13.åringar på laget. I tillegg nytta dei to jentespelarar.
Sunnylven G 14 står med to målrike sigrar så langt i haustsesongen. Og kampen tysdag kan tyder på at dette kan bli eit vanskelig lag å vinne over.

God dommar på Hellesylt stadion var som vanleg Odd Even Svindseth, VRF.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380