Lokalnytt

Gode ord og stort kakebord på hydrogenopninga

Her blir Hellesylt Hydrogen Hub offisielt opna av statsminister Jonas Gahr Støre til høgre. Jens Berge til venstre og i midten Knut Flakk. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Hellesylt Hydrogen Hub vart offisielt opna onsdag 18. september med korpsmusikk, taler og snorklipping, og stort kakebord.
Også mange møtte fram på opninga.

Onsdag 18. september var veret det aller beste, nesten ein god sommardag med temperatur over 20.0 grader.
Og presis klokka 13.00 la passasjerbåten Gabrielle til kai på Hellesylt der alle passasjerar skulle til offisiell opning av Hellesylt Hydrogen Hub.

Det vart eit 17-mai-tog frå ferjekaia gjennom Hellesylt sentrum til hydrogenstasjonen på Øyrane. Sunnylven skulekorps heldt tonen og takta heile vegen, det var rett så triveleg stemning igjennom Hellesylt sentrum.

På anlegget til Hellesylt Hydrogen Hub var det rigga opp for taler og velkomstord, og orientering om anlegget.
Her vart det så taler av styreleiar i Norwegian Hydrogen, Knut Flakk, av disponent Jens Berge og statsminister Jonas Gahr Støre-
Alle hadde positive ord om anlegget, og om betydninga av eit reint og utsleppsfritt drivstoff.

Og dei gav alle ros til Stranda kommune og anlegget på Hellesylt som såg til å fungere som planlagt.
Så vart anlegget offisielt opna av dei tre til applaus og av korpset i «Ja vi elsker».

Også ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang kom til med helsing og gratulasjon frå kommunen og overrekte blomster til selskapet, ei helsing som Berge takka for.

Så var det kaffi og kaker til alle frå eit langt kakebord.
Hellesylt Hydrogen Hub eit stort og ryddig industrianlegg i Hellesylt var dermed offisielt opna

Sunnylven skulekorps
Marielle Furnes Mannseth leia programmet under opning av Hellesylt Hydrogen Hub.
Dei mange frammøtte på opninga fekk seg servert frå eit imponerande kakebord.

 

Statsminister Jonas Gahr Støre.

-Vi er her for å gjere Mission Possible

Statsminister Jonas Gahr Støre var siste talar før den offisielle opninga av hydrogenfabrikken på Hellesylt.

Av Lars Fivelstad

Eg er glad for at ingen har nemd filmen Mission Impossible, for vi er her for å lage ein Mission Possible, sa han til applaus frå eit stort publikum. Statsministeren rosa i talen sin både Jens Berge og Knut Flakk, og vidare både styre, kundar og tilsette, og alle dei som har bidrege i denne verdikjeda.

Men det er ei skjør verdikjede. Arbeidet vidare vil ikkje vere beint fram og enkelt, ein vil møte både flaskehalsar og humpar i vegen. Det vil trenge folk som Dykk som har visonar, mot og uthald til å kjempe dette gjennom.

Støre samanlikna arbeidet med å byggje ut hydrogrenproduksjon og distribusjon med hindringane ein møter, når ein til dømes skal byggje ut havvind. En må byggje ei kjede både for transport og skipsfart, sa han mellom anna.

Stor satsing

Statsministeren kom mest rett frå «lille» Shanghai, som han sa, og fortalde om storsatsing på grøn energi der, mellom anna til store transportskip for bilar.
– Og i dag kom eg så til «store» Hellesylt. Eg synest det fortel oss historia om kva vi verkeleg går gjennom. Eg synest det er eit stort privilegium å sjå dette saman med dykk og fortelje det til alle internasjonale partnarar på slik ein vakker dag. Eg synest det er ein nydeleg 18. september!

Eit komplett samfunn

-Å få møte alle små og store borna, og den flotte musikken. Det er berre fantastisk. – Eg synest dette lokalsamfunnet verkeleg fortel oss noko om kva det er å investere i Noreg, fordi du møter eit komplett samfunn, med all den kvaliteten det er rundt her, sa Støre

Dei tilreisande frå Ålesund kom med cruisebåten Gabriele.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380