Lokalnytt

Beste Oslo Maraton nokon gong

Kari-Anne feirar eit godt løp på BMW-pallen i Oslo.

Det går unna når Kari-Anne Tryggestad Ryste legg i veg på Maraton.
I Oslo i helga vart det ny bestetid på jenta med 3.25.25

Kari-Anne Tryggestad Ryste har lagt mange mil bak seg med joggesko, både med trening og løp. Og deltakinga stoppa ikkje opp om åra sig på også for den trivelege jenta som trakka sine barneår på Hellesylt.

I helga deltok ho i Oslo Maraton. Der vart det også bestetid på den vel fire mil lange distansen med 3.25.25. Aldri før har det gått så fort i Oslo, så då kan jenta smile på BMW-pallen og riste i bjølla.

Sluttida gav henne 3. plass i klassa hennar, eller nummer 76  av 886 damer som fullførte Maratonløpet.

Det var fine forhold, overskya, 15 grader og lite vind, skriv ho i melding til hellesylt.info, og ho er godt fornøgd med løpet i hovedstaden. Det forstår vi godt.
Flott levert seier vi, og det beste av alt; Vi trur ho brukar klubbnamnet Sunnylven IL enno bak namnet på resuøltatlista.
Gratulerer frå hellesylt.info!!

Og Kari-Anne har planlagt nye løp om ikkje lenge. I november blir det halvmaraton i Milano, Italia, fortel ho.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380