Bygdefolket velkomne til opningsfest
Det blir offisiell opning av Hellesylt Hydrogen Hub 18. september. Under opninga blir representantar frå selskapet, statsminister Jonas Gahr Støre, og bygdefolk.
Etter ei tid er hydrogenanlegget til Norwegian Hydrogen på Hellesylt klart for opning og produksjon. Det skjer onsdag 18. september, då kjem representantar for selskapet med båt til Hellesylt litt før klokka 13.00 som er tidspunkt for den offisielle opninga, og med retur etter opninga ca. klokka 15.30. Til stades på Hellesylt blir også statsminister Jonas Gahr Støre.
Det blir taler av fleire, og musikk av Sunnylven skulekorps. Ein merkedag på Hellesylt med andre ord.
I høve at Norges fyrste hydrogenanlegg blir opna på Hellesylt ønskjer selskapet at også bygdefolket kan kome og delta på opninga.
For at selskapet skal ha oversikt over kor mange som kjem, ønskjer dei at alle som møter til opning av Hellesylt Hydrogen Hub melder seg på til Helene Istad Paulsberg: helene@nh2.no