Lokalnytt

Feira Nobelprisvinnaren

Janne Kristin Urkegjerde

Stranda Mållag inviterte til Fossevandring og til samling på Geiranger bedehus kring diktaren Jon Fosse. Mange kom for å høyre innslaget om Nobelprisvinnaren.

Veret var ikkje det beste, men mange møtte fram ved Fjordsenteret og gjekk Fosseråsa då Stranda Mållag inviterte til feiring av Jon Fosse. Fosse vann Nobelprisen i literatur tidlegare i år.

Til å lese  av arbeida til Jon Fosse hadde mållaget hyra inn Sigurd Drege. Han var å høyre både ved starten på Fosseråsa, og på bedehuset i Geiranger.
Dit kom mange, det var heilt fullt då leiar i Stranda Mållag, Anders Folkestad ønska vel møtt. Han gav ordet til NRK-journalist Bibbi Kjølås so leia samlinga og intervjua dei som hadde innslag.

Fyrst ut var Geir Hjorthol frå Volda. Han fortalde om diktaren Fosse og frå arbeida han hadde gjeve ut. I tillegg spela han tonar på trompet. Det varte ein knapp time, levande fortalt om Nobelprisvinnaren og hans arbeid.

Aktørar under samlinga i Geiranger bedehus, frå venstre anne Kristin Urkegjerde,, Geir Hjorthol og Bibbi Kjølås

Frå venstre: Janne Kristin Urkegjerde, Geir Hjorthol, Bibbi Kjølås

Vidare fekk publikum innslag av Janne Kristin Urkegjerde frå Stranda som fortalde om hennar virke og arbeid, og til slutt tok ho fram fela si og spela ein slått. Eit flott innslag av den unge jenta som fekk stor applaus.

Til sist fekk forsamling a også høyre Live Havro Bjørnstad som helsa .

Samlinga på Geiranger bedehus varte i knappe to timar. Ei fin samling med ord kring Nobelprisvinnaren sitt liv og arbeida hans. Til sist fekk alle aktørar gåve frå mållaget, overrakt av møteleiaren.

Sigurd Drege las dikt av Jon Fosse.

Sigurd Drege las dikt av Jon Fosse.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380