Lokalnytt

Festspela i Geiranger

Ragnhild Hemsing

Festspela i Geiranger 2024 startar med kjende aktørar. Og ferja mellom Hellesylt og Geiranger har halv billett for festspeldeltakarar.

Frå neste veke arrangerer Geirangerbygda Festspela 2024.  Av kjende personar som besøkjer turistbygda desse dagane er artisten Mari Boine og felespelar Ragnhild Hemsing.

Begge to er verd å høyre, og i tillegg blir det mange flotte konsertar.
Det blir også Barnas Festspel laurdag mellom 11.00 og 16.00. Der kan dei unge få prøve seg i ulike kunstuttrykk som måling, samspel med meir.
Og der kan dei bruke  kajakk, og der blir hoppeslott, sjonglere eller som såpebobleartist.

I festspelbygda blir det også laurdagsmarknad i år
Alle med billett til Festspela i Geiranger 2024 får 50 % avslag på ferjebilletten mellom Hellesylt og Geiranger. Tilbodet er eit samarbeid mellom The Fjords og gjeld alle Festspeldagane.
Turen på Geirangerfjorden med den spektakulære natre byr dei reisande ei unik oppleving.
Ferjebilletten kan kjøpast på ferja, og gjeld for begge vegar på fjorden.
Ta turen til Festspela i Geiranger 2024!

Mari Boine

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380