Fotballturnering for yngres på Hellesylt stadion
Søndag 1. september var det fotballkampar på Hellesylt stadion for unge lag frå Sunnmøre. Her deltok også eitt lag frå Sunnylven IL.
Det vart mykje liv og røre på Hellesylt stadion søndag 1. september. I tillegg til fleire lag frå Sunnmøre fotballkrets var der eit talrikt publikum. For Sunnylven sitt jentelag vart det tre knepne tap og ein kamp uavgjort.
I fyrste kamp møtte Sunnylven Stranda. Det vart tap 6-5 til slutt sjøl om Sunnylven var i leiinga midtvegs i kampen.
Neste oppgjør var mot Spjelkavik. Den kampen enda mållaus 0-0.
Så var det ny kamp mot Blindheim og den tsapte dei raude og blå 2-3.
Siste oppgjør var mot Brattvåg, og her drog Brattvåg sigeren i land med 1-0.
Det var kanskje litt kjedeleg for Sunnylven å ikkje vinne ein av kampane, men spelegleda og mykje fin fotball vart vist likevel. Ei fin turnering med mange fine fotballspelarar, også av tilreisande frå dei andre klubbane.