G 16 med storsiger mot Vanylven
Sunnylven G16 tok turen til Vanylven måndag. Der vart det storsiger for laget i raudt og blått..
Sunnylven G 16 møtte Vanylven måndag kveld på bortebane, eit lag som ligg omlag midt på tabellen. Etter ein jamn fyrste omgang leia Sunnylven 3-2, men i andre sa dei «takk for seg». Kampen enda til slutt med storsiger 9-3.
Målskorarar for Sunnylven var Oskar med fire, Ari to, Kristen, Jakob og Ingeborg eitt kvar.
Med på storsigeren var også Kai Adam , Fredrik og burvaktar Elias.
Sunnylven leiar no tabellen med 16 poen, tre føre Aksla
Då står det tre kampar igjen, mot Langevåg 2 heime på Hellesylt stadion 30. september, borte mot Sykkylven 2 14. oktober, og som siste kamp i år heime mot Hødd 2 31. oktober