Geiranger Bryggeri AS fekk Målblomen
Frank Maråk, t.v. mottok Målblomen på vegne av Geiranger Brygeri AS under Stranda Mållag sitt arrangement laurdag. Ordførar Einar Arve Nordang delte ut prisen
Geiranger Bryggeri AS vart tildelt Målblomen under Festspela i turistbygda laurdag.
Det var under festspela i Geiranger på laurdag at dagleg leiar i Geiranger Bryggeri AS, Frank Maråk møtte på bedehuset i turistbygda. Her vart bedrifta overrekt Målblomen av ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang.
Bryggeriet i Geiranger er fast brukar av nynorsk, både på produkta og i reklame.
Prisen var ein stor blomsterbukett og ein plakett med inskripsjon. Frank Maråk tok i mot utmerkinga og takka så mykje.