God aktivitet i Sanitetslaget
I haust har Sunnylven sanitetslag delt ut gåver til skuleborn og pensjonærar. Og no førebur laget aktivitetar, og Laurdagskafe for TV-aksjonen.
Som tidlegare år delte Sunnylven sanitetslag også i år ut frukt og badehandklede til elevane i fyrste klasse ved Sunnylven skule.
Dei fem som starta skuledagen i haust tykre det var stor stas å få denne gåva. Det same tykte foreldra, i følgje rektor.
På Sunnylven omsorgssenter vart det også overrekt gåve frå saniotetslaget. Her fekk kvar etasje ei stor korg frukt og andre go`saker. Også dette eit årleg tiltak frå sanitetslaget som bebuarane set pris på.
Sunnylven sanitetslag startar no opp med strikkekveldar kvar tysdag framover. Det er på sanitetsrommet i Kyrkjelydshuset.
Leiinga håper mange tek turen dit til samlingar , med handarbeid og godt prat kvar tysdag frå klokka 19.00. Sjå aktivitetskalendaren til hellesylt.info.
Laurdag 19. oktober arrangerer laget laurdagskafe på Sunnylven samfunnshus med sal av kaffi og kaker, og ei utlodding.
Inntekta frå laurdagskafeen går i år til TV-aksjonen der pengane går til Barnekreftforeninga.
Ei god og viktig sak som laget håper får stor tilslutnad.