Har reparert steinmur i Smogelia
Storfjordens Venner har avslutta eit større tiltak med murarbeid i Smogelia. Fleire murar som seig er no reparert.
Fjellgarden Smogeli ligg på austsida av Sunnylvsfjorden. Garden vart fråflytta i 1932, ein fjellgard der det i dag står to eldre hus i tunet.
Tomtane for stovehuset og låven er veldig bratte, og med åra har husmurane sige på grunn av det bratte terrenget, frøst og regn.
Sjølve stovehuset stod faktisk i fåre for å få skade på grunn av svikt i støttemuren.
Sidan 2018 har det blitt gjort utbetringar av kyndige handtverkarar og murarar. Torgeir Erdal, Per Brathaug og Robin Erdal. Også vegmuren inn til tunet hadde alvorlege utglidingar som no er reparert. Siste jobb vart gjort i 2024.
No er både støttemur, husmur og vegmur i svært god stand, skriv Storfjordens Venner