Lokalnytt

Haustprogram for Sunnylven Pensjonistlag klart.


Sunnylven Pensjonistlag opnar haustsesongen med ferjetur og svele

Sunnylven Pensjonistlag har sendt ut programmet for hausten 2024. Her inviterer laget på  ferjetur til Geiranger, fårikåldag med program, og tur til Chalottenberg før det årlege julebordet.

Det blr sveletur på fjorden med ferja Geirangerfjord måndag 16. september. Turen startar frå ferjekaia på Hellesylt klokka 11.00 (frammøte kl.10.50) og med retur frå Geiranger klokka 13.00
Ferjeturen er gratis, og pensjonistlaget spanderer kaffi og ei svele på kvar på turen.
Alle over 60 pluss kan delta.

Eldredagen

Onsdag 9. oktober kjem fylkesleiar i pensjonistlaget i Møre og Romsdal, Anne Lise Hessen Følsvik til Hellesylt og møte på Kyrkjelydshuset. Ho har med eit kåseri om «Kva er Pensjonistforbundet».

Laget markerer eldredagen med fårikål, dessert og kaffi, og Knut Hanssen underheld med song og musikk. Det blir også stor tombola.
Inngang kr. 100.-
Påmelding til eldredagen innan 4. oktober til Astrid, tlf. 906 75 234, eller Odd Jostein, tlf. 957 52 330.

Fleire arrangement

Seinare i haust arrangerer Pensjonistlaget førjulstur til Chalottenberg i slutten av november, og julebord tidleg i desember, står å lese i utsendt skriv frå Sunnylven Pensjonistlag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380