Hausttakkefest i Sunnylven kyrkje
Søndag 22. september var det hausttakkefest i ei vakkert pynta Sunnylven kyrkje. Sokneprest Ann Kristin Langeland leia gudstenesta som inneheldt både song, tale, utdeling av bøker til born, og vakker musikk.
Sokneprest Ann Kristin Langeland ønska vel møtt til alle i ei godt beslkt Sunnylven kyrkje søndag. Her var det hausttakkefest og vakkert pynta av Sunnylven Bygdekvinnelag. Og her var det utdeling av bøker til to-åringar, fire-åringar og seks-åringar.
Soknepresten opna med gode ord frå koret, og ønska vel møtt til dei mange som var til stades i kyrkje. Ho tok med både barnehagen og skulen som begge var gode for dei aller yngste. Og ho takke Bygeekvinnene som nok ein gong hadde pynta kyrkja vakkert til hausttakkefest.
Og det er mange måtar å takke for gode på, også slik soknepresten minte alle om;
-Kanskje burde vi takke for alt godt slik dei gjorde i gamle dagar. Når dei baka brød laga dei eit kors på brødet før det vart sett i omnen og steikt. På den måten takka dei for gåva, eit godt og mettande brød, sa Langeland.
I løpet av gudstenesta vart dei unge borna kalla fram i koret og tildelt ei bok til kvar. Der etter vart det song av den flotte gjengen til pianospel av Gunnar Inge Eide. Han akkompagnerte også Kristin Storstein i ein song før han igjen gjekk tilbake til kyrkjeorgelet.
Til slutt var det nattverd, og deretter tona gudstenesta og hausttakkefesten ut i postludeum .