– Heis flagget 18. september –
Foto: Norwegian Hydrogen.
Det blir ein stor dag for Hellesylt og Sunnylven når Hellesylt Hydrogen Hub blir opna 18. september. Det seier tidlegare ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad.
Hellesylt Hydrogen Hub blir opna offisielt med taler, snorklipping og korpsmusikk 18. september. Då er Norges fyrste hydrogenfabrikk i drift på Øyrane på Hellesylt, eit anlegg som vil bidra til det grøne skiftet med reint og utsleppsfritt drivstoff.
Tidlegare ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad kjenner framdrift og utvikling av hydrogenfabrikken på Hellesylt godt. Han er stolt over at fabrikken kom, at det på Hellesylt står eit miljøvenleg anlegg for produksjon av drivstoff.
Han rosar det Norwegian Hydrogen har bygd opp her, eit flott anlegg som ligg godt for innsyn, og skjerma for uhell.
-I starten var det snakk om å bygge anlegget i Langedalen, nær kraftstasjonen på Tryggestad, Men så vart det på industriområdet på Hellesylt i staden. Ei god løysing, seier Tryggestad.
Han gratulerer selskapet med eit flott anlegg, og sender samstundes ei lita «rose» til næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal. Han var aktiv i starten og stod på mykje for å få det heile til, seier Tryggestad.
-Det blir ein merkedag at bygda får opna Hydrogenfabrikk klokka 13.00 den 18. september, seier Tryggestad. Han oppmodar bygdefolket om å heise flagget denne dagen.