I Sunnylven kyrkje med Fossedur
Sunnylven kyrkje.
PUSTEROM -med Fossedur i Sunnylven kyrkje onsdag 2. oktober kl 20.00
Haustens pusterom i kyrkja har fått tittelen “Vi vandrar saman”. Det er veldig fint og kjekt at den lokale gruppa “Fossedur”, saman med kantor Gunnar Inge Eide vil stå for det musikalske denne kvelden.
Pusterom er ei litt annleis samling enn den ordinære gudstenesta. På pusterommet legg vi opp til lystenning, refleksjon og ynskjer skape eit rom der kvar og ein kan få trekke pusten djupt og berre ta imot og vere, med alt det vi ber på i liva våre.
I kyrkja får som tidlegare nemt alle høyre musikarane med vokal i det lokale bandet Fossedur spele og synge. Det heile startar onsdag 2. oktober klokka 20.00.
Varmt velkomne skal alle vere til ei stemningsfull stund i Sunnylven kyrkje.
Musikarar i bandet Fossedur, frå venstre; Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal, Olav Elling Gausdal.
Mvh Ann Kristin