Kåserte om bygdebokforfattar Peter Andreas Lillebø.
Asbjørn Tryggestad kåserte levande om bonden, lærar og bygdebokforfattar Peter Andreas Lillebø
I Lensmannsstova på Lillebø var fleire samla fredag kveld for å høyre om bygdebokforfattar Peter Andreas Lillebø, fortalt av Asbjørn Tryggestad. Der var også gode musikkinnslag av Askjell Molvær, Gunhild Sindre og husvertinna Synnøve Hjellbakk Hole.
Asbjørn Tryggestad har fortalt om Peter Andreas Tryggestad før under Hellesyltdagane, bygdebokforfattaren som skreiv det meste i dei to bygdebøkene om Sunnylven og Geiranger.
Under kåseriet sitt i Lensmannssyova kom han inn på oppveksten og reiser rundt om i landet, yrkeslivet som bonde på Lillebø, og som lærar på Sunnmøre og i heimbygda Sunnylven.
Samlinga i Lensmannsstova på Lillebø opna med musikk av Askjell Molvær og dei to felejentene Synnøve Hjellbakk Hole og Gunhild Sindre som spela ein slått av Lars Hjellbakk frå Hornindal.
Asbjørn Tryggestad heldt deretter fram med kåseriet om P. A. Lillebø.
-Bygda var heldig som hadde fostra fram ein så framsynt mann som gav ut bygdebøkene for Sunnylven og Geiranger, sa han.
Innleiingsvis siterte Tryggestad frå det andre hadde skrive om bygdebokforfattaren, skildringar om mannen som sette historier, segner og folkeliv på trykk.
Peter Andreas Lillebø var fødd 11. juli 1850, og foreldre var Amund og Inger. Dei hadde fire born i lag, men så døydde Amund tidleg då Peter berre var få år gamal. Mor hans gifte seg opp igjen og syskenflokken vaks til ni med halvsysken.
P. A. Lillebø vart ein klok og bereist mann som ville utdanne seg som lærar. Utdanninga gjekk bra, men då han hadde eit halvt år igjen av studiane kom stefaren og sa at no hadde ikkje familien pengar meir til å fullføre utdanninga.
Det var ein tung dag for Peter Andreas som gjekk bak låven og braut ut i tårer, kunne Tryggestad fortelje frå Peter sine eigne notat.
Men han vart lærar og fekk sin fyrste jobb i Hjørundfjorden. Seinare kom han til Liabygda og deretter til heimegrenda på Tryggestad der han vart heilt til han slutta av yrkeslivet.
Asbjørn Tryggestad fortalde levande om bygdebokforfattaren, frå brev etter han og andre nedskrivne hendingar. Det var fleire historier her som vekte åtgaum i salen i Lensmannsstova.
Peter Andreas Lillebø vart gift med Brit N. Hole og dei fekk seks born i lag. Han var ein allsidig mann som bonde og lærar, men det var fyrst og fremst historier og skriving som gleda og engasjerte han mykje. Han starta å skrive ned historier han høyrde og fekk seg fortalt, og etter kvart vart det bygdebøkene for Sunnylven og Geiranger.
Samlinga i kulturstova på Lillebø fredag kveld med musikkinnslag og historier om bygdebokforfattaren var sjeldne, men interessante.
All ære til Asbjørn Tryggestad og dei andre aktørane for ei god kveldsstund i Lensmannsstova, og attersyn på livet til mannen Peter Andreas Lillebø.
Det var musikalske innslag av Askjell Molvær og felejentene Synnøve Hjellbakk Hole t.v. og Gunhild Sindre.