Kjempa godt og vann kampen
G14 frå ein heimekamp
Sunnylvan G14 møtte Herd 2 til poengkamp torsdag kveld på bortebane. Herd leia heile kampen, men måtte gje frå seg alle poenga til slutt.
Sunnylven G14 spela sin andre kamp denne veka, borte mot Herd 2
Det er alltid sol når dei to laga møtest. Slik var det også i vårkampen, og med same dommar, Mikael Johannes Skodjereite.
Sunnylven spela heime tidlegare denne veka. Også torsdag kveld var det motstandaren som tok leiinga på Herdbana etter seks minutt.
Leiinga varte likevel ikkje så lenge for berre to minutt seinare kom utlikninga etter at Ari samspela med Kai-Adam som breisida ballen i mål.
Auka to gonger
Men Herd2 kjempa vidare og to kjappe mål gjorde at stillinga vart 3-1
Litt seinare spela Sunnylven god fotball igjen. Eit langt innkast frå Oskar tok Samder imot og lobba elegant over Herd sin gode burvaktar.
Kort tid etter la Herd2 på til 4-2, men før pause fastsette Ari pauseresultatet til 4-3 etter fint samspel med Fredrik.
Utlikning og siger
I andre omgang skåra Sunnylvn to gonger til, ved Kai-Adam og til sist ved Ari, hans andre mål i kampen. Dermed vann Sunnylven 5-4 og toppar tabellen
Måndag ventar ein ny bortekamp for Sunnylven, då mot Vanylven.
Sunnylven sitt lag mot Herd2:
Elias, Therese, Oskar, Ari, Jakob,Kristen, Kai-Adam, Sander, Fredrik, Ingeborg.