Kjøpte utestolar til Omsorgssenteret
For litt sidan kjøpte Sunnylven Pensjonistlag 16 utestolar til Omsorgssenteret på Hellesylt. Sparebanken Møre var delaktiv i betalinga.
Det vart nye og gode utestolar med puter til Sunnylven Omsorgssenter i sommar. Etter initiativ frå Pensjonistlaget vart det skaffa 16 lette, men stødige utestolar til heimwen på Hellesylt. Og til finansieringa fekk dei god hjelp frå Sparebanken Møre.
No har stolane, som også toler regn og anna ruskever vore i bruk i heile sommar og til glede for pensjonistane.
-Laget er svært takksame for den rause gåva frå Sparebanen Møre slik at vi kunne skaffe gode utestolar til alle på heimen, ei gåve vi takkar så mykje,
Det seier leiar i Sunnylven Pensjonistlag, Astrid Langeland.