Lokalnytt

Kløvertur med Sanitetslaget

Omlag 30 unge og eldre var med på Kløvertur med Sanitetslaget tordag.

På siste torsdag i september arrangerte Sunnylven sanitetslag haustens fyrste Kløvertur. Den gjekk frå Kyrkjelydshuset i gata på Hellesylt til Shellkaia og tilbake.

Det var svært mange som kom på Kløvertur med Sanitetslaget torsdag 26. september. Ved endeplassen på Shellkaia talde vi heile 30 som hadde blitt med på turen. Det var mest damer som vanleg, berre tre menn var med denne gongen. Det bør rettast på til neste Kløvertur.

Veret var svært bra , ikkje nedbør eller vind, men litt kjøleg, rundt 8 – 10 plussgrder.
Like fullt var det ein flott turkveld og godt ver.

Tilbake på Sunnylven ktrkjelydshus vart alle servert pølse i brød, både ei og fleire alt etter deltakarane sine ønskje.
Det vart ein flott tur i godt ver for dei mange som deltok på Kløverturen denne kvelden.
Ønskjet må vere at det ikkje blir alt for lenge til neste tur, ei «reise» både for god trimm og sosialt prat.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380