Lokalnytt

Møtte karane i kaffikroken, -før heimatt til kjerringa-

Det er meir enn to veker sida ein journalist frå hovudstaden reiste gjennom Hellesylt på veg til kongeleg bryllaup i Geiranger. På Coop-en på Hellesylt møtte han ein flokk lokale veteranar.

-Hvis Geiranger hadde hatt ein lillebror ville namnet vore Hellesylt.
Det skriv journalisten som var på veg til storfint bryllaup i Geiranger og stakk innom kaffikroken på  Coop-en på Hellesylt.
Der møtte han ein flokk av dei beste i sentrum og fekk ein prat med karane.

At journalisten har lese seg opp om staden forstår vi godt, for han viser både til Henrik Ibsen og «Brand» i omtalen frå treffet.
Journalisten hadde råka på turistar i gatene på Hellesylt, men ingen hadde noko fornuftig å seie om bryllaupet som skulle skje i Geiranger.
Då fekk han meir kontakt på Coop-en der nokre karar sat og drakk kakao og grønnsaksuppe.

Journalisten fekk ikkje så mykje ut av karane, heller ikkje av 93-åringen som var sabotør under krigen, kunne ha fortelje.

Kva synest De om det foreståande bryllaupet?,

-Å Herre gud, sa ein.
-Det blir rein kaos, sa ein annan.
Og ein tredje;
-Dokke må finne brudesenga og sage av alle beina så skjer det BANG når dei legg seg i den!
Og alle humrar og ler.

Håper De å sjå ei prinsesse?

-Nei, det klarer vi oss utan. Du sel vel eit stort ekstranummer, seier sabotøren og rister på hovudet.
Og alle saman ler igjen, og klokka tikkar.
Og no er det snart tid for;
-Heimatt til kjerringa!!!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380