Pensjonistar på ferjecruise
Sunnylven Pensjonistlag opna haustsamlingane med ferjereise frå Hellesylt til Geiranger og tilbake måndag 16. september. Ein fin tur på fjorden i fint ver.
Nær 50 pensjonistar gjekk ombord i turistferja Veøy på Hellesylt måndag 16. september. Reisa på fjorden var til turistbygda Geiranger og tilbake, ei gratisreise som baud på både kaffi og svele, og mykje godt prat.
På ferja var også mange reisande, så turistsesongen på verdsarvfjorden er ikkje heilt slutt enno.
Turistferja Veøy vart bygd for 50 år sidan. I april i år vart jubileet markert fekk vi oss fortalt av ein frå mannskapet. Men sjølv om alderen er høg er ferja flott og godt vedlikehalden så vi forstår at turen mellom høge fjell og andre attraksjonar kan vere ei oppleving for både norske og utanlandske reisande. På turen tilbake til Hellesylt var mange frå Asia og dei kosa seg.
Det vart ein time stopp i Geiranger. Det har stilna litt av med besøk der også no, men ein stor turistbåt, Costa Diadema låg på fjorden og i gata i Geiranger vrimla det godt med folk.
Også turistane frå Hellesylt tok turen i land og litt handel vart det. Berre ein liten time, så snart var det på tide å sesse seg på Veøy igjen for heimreisa. Men litt nytt fekk enkelte med seg heim etter det vi fekk med oss, til og med eit par vintersko. Jau, det går mot vinter sjølv om reisa til Geiranger var gjort i det finaste haustveret.