Presenterer Jon Fosse under Festspela
Under Festspela i Geiranger inviterer Stranda Mållag til «møte» med Nobelprisvinnar Jon Fosse sine arbeid.
Det blir Fossevandring i Geiranger laurdag 28. september, før «møtet» med Nobelprisvinnar Jon Fosse. Det starter ved Norsk Fjordsenter og her ønskjer leiar i Stranda Mållag, Anders Folkestad vel møtt, før kulturarbeidar Sigurd Drege les dikt av Jon Fosse
Etter samling utanfor Norsk Fjordsenter kokka 11.30 kan alle gå Fossevandringa til bedehuset i Geiranger . Der blir det litterært møte med Nobelprisvinnar.
Samling på Bedehuset klokka 12.00
Programleiar der er NRK-journalist Bibbi Kjølås.
Geir Hjorthol frå Høgskulen i Volda presenterer musikk i Jon Fosse sitt forfattarskap, og
Janne Kristin Urkegjerde har appell og musikalske innslag.
Live Havro Bjørnstad blir også å høyre, og til sist les
Sigurd Drege dikt av Jon Fosse.