Sanitetens veke med Kløvertur
Sunnylven sanitetslag inviterer på Kløvertur torsdag 26. september. Turen går frå sentrum til Shellkaia og tilbake til Kyrkjelydshuset der det er samling og servering.
I slutten av september startar Sunnylven sanitetslag med fleire aktivitetar. Det blir strikkekveldar på Sanitetsrommet i Kyrkjelydshuset, men aller fyrst er det trimtur til Shellkaia og tilbake.
Turen startar frå Sunnylven ktrkjelydshus torsdag 26. september klokka 17.00 og går i retning Korsbrekke og Shellkaia i tempo som høver for kvar. Om ikkje alle ønskjer å gå til «målet» er det lov å snu når ein vil, skriv sanitetslaget.
Etter turen blir det så servering av pølse med brød i peisestova på Kyrkjelydshuset
Dette er eit arrangement som er sosialt, gjev god fysisk aktivitet , og til slutt eit godt måltid, -tre viktige faktorar for ei god folkehelse.
Ta med deg ein venn og kom!, er oppmodinga frå Sunnylven sanitetslag.