Saudehaudfest i Sunnylvsbygda grendahus
Sunnylvsbygda Grendalag held fram tradisjonen med saudehaudfest på grendahuset, i år laurdag 26. oktober.
Siste laurdag i oktober er det klart for årets «gildebord» i Sunnylvsbygda grendahus. Då set det lokale vertskapet fram årets hovudrett i bokstavleg forstand, nemleg salta, tørka og kokte saudehaud.
I tillegg serverer det kyndige kjøkkenpersonalet kålrotstappe og kokte poeter.
Om menyen ikkje skulle falle heilt i smak for enkelte har arrangøren også kokmør frå Ole Ringdal AS å by på.
Så set av laurdag 26. oktober for nok ein trveleg kveld i Sunnylvsbygda Grendahus.
Hugs påmelding, gjerne alt no til;
Oddbjørg S. tlf. 408 41 702
eller
Olav L. tlf. 918 93 177.
Etter velsmakande servering blir det dans og samvær ut i dei små timar.
Meld deg på og bli med på ein triveleg kveld i Sunnylvsbygda Grendahus, er oppmodinga frå arrangøren Sunnylvsbygda Grendalag.