Lokalnytt

Stor dag i Sunnylven

Jonas Gahr Støre t.v. og Trygve Slagsvold Vedum besøkte Hellesylt og hadde med gode nyheiter for fleire kommunar rundt om i landet.

Onsdag 18. september vart ein stor dag for Stranda kommune og bygda Sunnylven. Og med kjente personar og toppolitikarar kom store nyhende.

Tidleg på føremiddag onsdag 18. september var det samling på badestranda på Hellesylt av både lokalpolitikarar, skuleelevar og andre. Dit kom også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum, og andre toppolitikarar.

Nyhende denne dagen som dei presenterte var at 189 kommunar i landet, som har lavt innbyggartal skal få utbetalt ei årleg støtte til folk som flyttar heim til desse kommunane. Ordninga trer i kraff frå 1. januar 2025, sa statsminister Jonas Gahr Støre.

Dette er eit grep for å få unge til å etablere seg i distrikt som Stranda, sa Vedum. Tilskotet blir på 25.000.- kroner, og er ein to blir det dobbelt beløp. Dette trur vi vil gjere det lettare å få tak i folk til bedrifter rundt om i landet.
For alle oss som er glade i distrikt i landet vårt bør dette vere ei god nyheit. Så gratulerer med dette og dagen i Hellesylt, sa finansministeren til ei stor forsamling i fineveret på badestranda.

Mange, både unge og eldre møtte på badestranda for å høyre nyhende frå statsminister og finansminister.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380