Vann over topplaget Aksla
Det vart ein ny flott kamp i G14-serien på Hellesylt stadion tysdag kveld. Der vann Sunnylven 3-2 over topplaget Aksla.
Aksla kom til Hellesylt stadion utan å ha tapt så langt i haustsesongen. Og det såg ut til at sigersrekka skulle halde fram også tydag kveld i møtet med Sunnylven, for alt etter tre minutt stod det 1-0 til gjestane.
Men heimelaget i sine raude og blå drakter kom meir og meir inn i kampen sjølv om storvokste gjestespelarar pressa på for nye skoringar.
Også heimelaget hadde fårlege angrep, men ein god burvaktar i Aksla-målet hindra skåring. Det stod 1-0 til Aksla ved kvilen.
I andre omgang heldt Aksla fram med angrep i stor fart som sette heimelaget på fleire tøffe prøvwer. Og som i fyrste omgang skåra gjestane tidleg og gjekk op til 2-0
Men kampen var langt frå ferdig, meinte heimelaget, og snart kom ei redusering, noko seinare kom også utlikningsmålet til 2-2. Og ikkje nok med det, før omgangen var ute kom også sigersmålet og 3-2 til Sunnylven. Målskorarar var Jakob Hånes Frøysa med 2 og Sander Sjåstad Hole.
Det var ein god kamp av G14-laget til Sunnylven. Gode i forsvar ofg stor fart framover var nok meir enn topplaget Aksla hadde venta seg. Vi vart imponert over viljen til ikkje å gje opp sjølv om måla gjekk i mot i starten.
God dommar i kampen var som vanleg Odd Even Svindseth, VRF.