Lokalnytt

Klart for saudehaudfest

Det skjer på Sunnylvsbygda Grendahus laurdag 26. oktober, Der blir det «saudehaudfest».

Dei gode råvarene frå årets beitesesong i fjellheimen er på plass i Sunnylvsbygda grendahus når dørene opnar til fest laurdag 26. oktober, Her er også erfarne kokkar på plass når grendalaget inviterer til saudehaudfest, til eit måltid av vestlandsk delikatesse.

Mellom 80 og 90 er påmeldt til festen opplyser arrangøren, men skulle det vere nokon som har gløymt arrangementet og har lyst å vere med på gildet så er det lov å ringe arrangøren. Det blir eit gourmetisk måltid av dei beste råvarene frå beitesesongen, og med tillegg av kokmør, kålrot og poteter.

I år er det ekstra kvalitet på saudehauda, får vi oss fortalt. Dei skal alle vere av sau som har beita og levd sommaren på det eksklusive graset som veks på Sunnmøre. I tillegg er det høve til å få kjøpt god drikke av fleire slag.

Arrangementet i Sunnylvsbygda grendahus er kjent også ut over bygda sine områder. Lokalradioen Møre og Romsdal har fanga opp den spesielle samkoma og laga sak på NRK radio. Høyr innslaget på NRK mellom klokka 14.00 og 15.00 i dag fredag..

Etter måltidet blir det dans til musikk frå CD, opplyser arrangøren.

Påmelding til saudehaudfest:

Olav Lade, mob. 918 93 177

Oddbjørg Stadheim, mob. 408 41 702

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380