Lokalnytt

Arbeid neste år i Storfjordens venner

Matvika

Storfjordens Venner har avslutta prosjektsesongen  2024. Organisasjonen er no i gong med planlegging for 2025.

Frå Kjetil Relling

-Vi planlegg tre prosjekt neste år, To arbeid på restaurering av hus og eitt arbeid der ein steinvôr skal settast i stand Det skriv Kjetil Relling frå Storfjordens venner.
-Steinvôrar blei bygd nede ved sjøen ved sida av støa der robåten blei dratt på land. Vôren skulle verne båten mot bølger og samtidig gjere det lettare å komme på land for dei som var ombord i båten. For at det skulle bli lett å dra båten på land, vart det lagt trestokkar, lunnar, på tvers oppover i støa, heilt opp til naustet.

Neste års prosjekt under planlegging:

YTSTE SMOGE – Vi avslutta arbeidet med ostarhuset på Ytste Smoge i år, med veldig godt resultat. Arbeidet blei finansiert med verdsarvmidlar, dugnad og eigeninnsats. Neste år planlegg vi å legge om skifertaket og utbetre pipa på stovehuset, i samarbeid med handverkar Kåre Løvoll.

MATVIKA – Matvika ligg litt innafor der Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden møtest. Cruiseskipa som går til Geiranger passerer like forbi. Opp gjennom åra har bølgene frå skipa skada steinvoren slik at ein del stein har rasa ut i sjøen. Vi hadde nyleg synfaring saman med handverkar Torgeir Erdal som vurderer restaurering som eit utfordrande, men realistisk, prosjekt.

OSPAHJELLEN, HJELLEN – Dette prosjektet er utsett frå 2024, ferdig planlagt og finansiert med verdsarvmidlar. I tillegg kjem dugnad og eigen innsats. Hjellen med det gamle stovehuset ligg høgt over dagens tun på Ospahjellneset. Då tunet blei flytta lenger ned mot fjorden, blei huset på Hjellen brukt til seter. Det er skade etter husbukk i tømmeret, så ein del av ein vegg må skiftast ut med nytt tømmer. Handverkar Per Kjell Holtleite har ansvar for restaureringa.

Oppstart av prosjekt har finansiering gjennom tilskot, dugnad og eigen innsats som føresetnad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380