Årsmøte i Sunnylven bygdekvinnelag.
Sunnylven bygdekvinnelag har halde årsmøte med godt frammøte på Tronstad grendahus
På årsmøtet; Grete Bjørdal.
Mange kom til årsmøtet i Sunnylven bygdekvinnelag der Liv Borghild Hildre var årsmøtegjest frå Møre og Romsdal Bygdekvinnelag.
Under val vart Gunnhild Kvam attvald som leiar, og Liv Norunn Langeland Runde vart nytt styremedlem for Inghild Storstein som ikkje ønska attval.
Årsmeldinga fortalde om eit aktivt år i laget med arrangement både for medlemar og andre, Les årsmelding under.
Rekneskapen for bygdekvinnelaget vart ikkje behandla på årsmøtet, men utsett til ei samling Sunnylven bygdekvinnelag skal ha på Visnes Hotel seinare der laget inviterer på julebord..
Årsmøtet vart som vanleg avslutta med utlodding, og inntekta på 2.500.- kroner vart vedteke å gje til TV-aksjonen 2024.
Vi tek med heile årsmeldinga for 2024 her;
Årsmelding for Sunnylven bygdekvinnelag 2024
Styret i Sunnylven bygdekvinnelag har i 2024 vore samansett slik:
Leiar: Gunhild Kvam
Nestleiar: Inghild Storstein
Kasserar: Astrid Tronstad Dyrkorn
Studieleiar/lageransvarleg: Lisbeth Lervik Helset
Skrivar: Grete Bjørdal
Varamedlemar: 1. Annbjørg Fivelstad 2. Liv Norunn Langeland Runde 3.Kjellaug Tronstad
Valnemnd: 1.Anne Grethe H. Hole 2. Kari Hauso Stadheim 3. Laila Røyrhus
Revisorar: Rita Røyrhus og Oddbjørg Stadheim
Laget har 25 medlemar.
Vi har hatt 7 styremøter og handsama 30 saker.
- november var det Julebord på Tronstad Grendahus. Medlemane kunne ta med seg ein gjest kvar og vi vart til saman 40 damer som fekk servert tradisjonell julemat og karamellpudding til dessert. Programmet var ord og musikk av Synnøve H. Hole, Stephanie Roux og Ingvild Hegge Eriksen. Tradisjonen tru vart det utlodning og allsang.
- desember vart det arrangert julemesse på Samfunnshuset. Pga kollisjon med andre messer var det ikkje så mange utstillarar, men dei som var der hadde bra salg. Mykje folk møtte opp og handla. Bygdekvinnelaget var i tillegg til å vere arrangør delaktig med sal av graut, kaker og adventskalender.
Bygdekvinnelaget har tradisjon for å gi julegåver til lag og organisasjonar i bygda. Jula 2023 vart det delt ut gåver til:
Omsorgsenteret 1500 kr
Sunnylven Skulekorps 1000 kr
HUL, barneleikarringen 1000 kr
Sunnylven bibliotek 500 kr
Gamleskulen 500 kr
Koret 500 kr
Også i år har medlemmer frå Bygdekvinnelaget arrangert sosiale samlingar på Omsorgsenteret. Det vart i alt 3 samlingar med bl. a quiz. Anne Grethe Hjelmeland Hole deltok på eit møte på omsorgsenteret i lag med andre frivillige organisasjonar og Frivilligsentralen Her drøfta ein aktivitetar for bebuarar på omsorgsenteret og heimebuande eldre
- februar arrangerte vi “Kafe Snurrepiperier” med utstilling av vevde ting og utstyr til veving. Mange bidrog til ei innhaldsrik utstilling av mykje godt handarbeid. Mange møtte fram for å sjå på utstillinga. Vi serverte karbonadesmørbrød, kaffi og kaker.
- mars markerte vi kvinnedagen med svært godt frammøte på ope møte på
Kyrkjelydshuset. Over 110 personar kom for å høyre på Golala Razai og Iris Fivelstad. Golala Razai snakka om kvinner sin situasjon i Iran og korleis det var å kome som flyktning til Norge og Stranda. Iris Fivelstad fortalde om sine erfaringar frå forsvaret og tankar omkring det at mange jenter opplever trakassering i forsvaret. Det vart servert rettar frå fleire land som mange var med på å lage.
9-10 mars deltok Gunhild Kvam og Grete Bjørdal på fylkesårsmøte i Kristiansund. Det var ei fin samling både sosialt og fagleg.
- mars representerte Gunhild Kvam Sunnylven Bygdekvinnelag på Masliana, ein tradisjonell ukrainsk vårfest på Stranda. Ho hadde med rjømegraut som vart servert som det norske bidraget.
Det tradisjonelle vårmøtet vart i år erstatta av eit ope møte 18. april med foredrag av Maria Berg Hestad. Ho snakka om Matauk med pallekarm. Omlag 100 personar møtte frå eit stort omland (Ørsta, Hornindal, Sykkylven, Stranda) Vi tok 200 kr. i inngangspengar frå ikkje-medlemmar. Det var servering av skuffekaker, kaffi og te i pausa.
- mai deltok bygdekvinnelaget,på oppfordring frå idrettslaget, med salg av rømmegraut. 4 medlemmar stilte opp og selde omlag 60 porsjonar. Grauten fekk vi varma på Ole Ringdal. Takk til Bjørn Tryggestad som hjalp oss!
- juni var hadde vi dugnad med baking og smørjing av lefse til Hellesyltdagane. 16 bygdekvinner var i sving med å lage deig, bake, steike, dynke, smørje og pakke lefser.
5-7 juli vart det arrangert Hellesyltdagar. Sunnylven Bygdekvinnelag deltok med sal av rjømegraut , kaffi og lefser på laurdag. Sjølv om vi løyvde ein del graut var det mange som handla og delar av dagen hadde vi mange gjestar.
Til hausttakkefesten 10 september pynta bygdekvinner frå Langedalen kyrkja med blomar og markens grøde
Alt i alt må vi kunne oppsummere 2024 som eit aktivt år for Sunnylven Bygdekvinnelag. Styret takkar medlemmane for samarbeid, dugnadsinnsats og møter i året som har gått! Vi ser at medlemstalet går ned og verving av nye medlemmar må vere eit satsingsområde framover.