Avslutta fotballsesongen med siger
Sunnylven J14 jubla stort etter den sterke sigeren 4-2 over Vanylven på heimebane søndag.
Sunnylven J14 spela ein god andre omgang og vann 4-2 mot Vanylven på Hellesylt stadion søndag.
I årets siste kamp på Hellesylt stadion møttes Sunnylven J14 og Vanylven Etter ein fartsfylt andre omgang kunne dei raude og blå juble for siger
Sunnylven opna med skåring tidleg i fyrste omgang. Det var Tuva Marie Korsbrekke som donka til frå langt hald og ballen susa i nettmaskene.
Men nokre minutt seinare stod det 1-1. Vanylven skåra i medvinden , og like før pause la dei på til 2-1.
Omgangen var jamnspela så håpet om poeng levde for heimelaget då dommaren bles til pause.
Dominerte andre omgang.
I andre omgang var heimelaget best og dominerte med fleire store sjansar. Og det skulle det bli mål av.
Ingeborg Fivelstad Stadheim skåra frå nesten død vinkel, i stolpen og inn og det stod 2-2.
Og det skulle ikkje gå mange minutt før laget var i leiinga etter mål av 12 år gamle Erle Rusten . Ei flott skåring, utagbar for Vanylven sin burvaktar.
Og så til slutt kom Tora Rusten også på skåringslista og dermed stod det 4-2 til Sunnylven J14.
I lett medvind og regn vann Sunnylven andre omgang 3-0 og dermed 4-2 til slutt
Ei flott avslutning på ein lang fotballsesong for jentelaget som sikra seg alle poenga.
Laget rykte med det to plassar opp på tabellen, til fjerde plass.