Lokalnytt

Flott konsert til inntekt for TV-aksjonen

Programvertar: Sune og Siv-Anita

Torsdag denne veka inviterte Stranda Kulturskule og Stranda Frivilligsentral til konsert i Sunnylven kyrkje til inntekt for TV-aksjonen Barnekreftforeningen. Det vart ein fin og stemningsfull konsert for dei vel 70 tilhøyrarane denne kvelden.

Av Ragnhild Stadheim

Først ut var ordførar Einar Arve Nordang med ein appell. Årets TV-aksjon er sterk og viktig. Annakvar dag får eit barn kreft i Norge, sa han blant anna. Det er god dekning på bøssebering i kommunen, og bøsseberarane bidreg med eit viktig engasjement og synlegheit for saka. Fylkesleiar for TV-aksjonen Møre og Romsdal gav også ei kort helsing og takk til publikum.

Stranda Kulturskule har mange flinke elevar og nokre av dei alle yngste som tok del denne kvelden var Alma Hole Flo og Sofia Kristina Pacificar. Saman med Synnøve Hole spelte dei ein tradisjonell Spingar på fele. Sirin Overvoll framførte «Song» av Secret Garden også på fele saman med Synnøve. Fint å høyre unge aktørar meistre eit så krevande instrument. Vi fekk så mange flotte songinnslag frå Siril Kjellstadli, Agneta Darckute, Otilie Berg og Henriette Solheimsnes Hole. Siril Kjellstadli spela også eit stykke på piano og det same gjorde ukrainske Anna Makarchuk. Stemningsfulle innslag frå begge to.

Tekstlesinga til Ingebjørg Sporstøl rørte nok mange. Ho las ein sangtekst av Marianne Sveen kalla «Hald meg i handa», skrive spesielt til Barnekreftforeningen og TV-aksjonen. Ein tekst om det å vere ung, bli sjuk og korleis ein plutseleg blir ståande åleine og føle seg utanfor. Ingebjørg forklarte fint korleis teksten samtidig kan minne oss på kor lite som skal til for å bli sett, og at berre det å vere til stades kan vere nok for den som er ramma.

På bilder ser vi nokre av aktørane som deltok i konserten i Sunnylven kyrkje.

Etter den yngre avdelinga av konserten var det fleire innslag med dei erfarne aktørane. Stephanie og Evgenii spela eit klassisk stykke på piano og fløyte, medan Synnøve og Gunnar Inge framførte «Folketone frå Sunnmøre» på fele og orgel. Kristin Storstein song «Lauv» av Ingebjørg Bratland og «Voksesmerter» av Maria Mena og Trygve Skaug. Begge oversett til nynorsk som vi synes var spesielt flott.

Heilt til slutt framførte Katrine Langlo med band beståande av kulturskulelærarar to eigen komponerte songar. «Nuclear War», og ein heilt fersk låt «Sleepless Nights». Ei vakker avslutning på konserten!

Heile konserten blei trygt og godt leia av 10.klassingane Sune Frøysa og Siv Anita Aasheim Nessan ved Sunnylven skule. Dei introduserte alle innslaga og gav tilhøyrarane god informasjon om innsamlinga og Barnekreftforeningen.

Konsertprogrammet:

  • Sofia Kristina Pacificar, Alma Hole Flo og Synnøve Hole –  «Springer» trad.
  • Siril Kjellstadli (sang) –  «Sunrise» av  Norah Jones
  • Agneta Darckute (sang) – «Riptide» av Vance Joy
  • Otilie Berg (sang) – «What was I made for» av Billie Eilish
  • Siril Kjellstadli (piano) – «The Heart Asks Pleasure First» av M.Nyman
  • Ingebjørg Sporstøl – «Hald meg i handa» av Marianne Sveen
  • Henriette Solheimsnes Hole (sang) – «Birds of a feather» av Billie Eilish
  • Sirin Overvoll og Synnøve Hole (fiolin) – «Song»  av Secret Garden
  • Anna Makarchuk (piano) – «Passacaglia» – Handel/ Halvorsen
  • Stephanie Roux og Evgenii Zhukov (piano/fløyte) – «Flute sonate 2. sats» av F. Poulenc
  • Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide (piano/sang) – «Lauv» av Ingebjørg Bratland og «Voksesmerter» av Maria Mena/Trygve Skaug
  • Katrine Langlo med band – «Nuclear War» og «Sleepless Nights»
  •   
  • Ordførar Einar Arve Nordang helsa frå Stranda kommune.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380