Lokalnytt

Flott markering av Eldredagen

Anne Lise Hessen Følsvik var kåsør under Sunnylven Pensjonistlag sitt møte 8 oktober.

FN sin eldredag vart innført i 1990, og han vert markert 1. oktober kvart år. Av ulike årsaker markerte Sunnylven Pensjonistlag dagen først 9. oktober.

Av Lars Fivelstad

Leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland, ønskte vel 60 medlemmar velkomne og tende ljos for tre medlemmar som var avlidne sidan siste samling i laget.

Så ønskte ho fylkesleiar i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, Anne Lise Hessen Følsvik, velkomen til markeringa. Følsvik hadde sett «Kva er Pensjonistforbundet?» som tittel på det ho ville snakke om. Ho trekte fyrst dei lange linjene frå skipinga av eldredagen og fram til i dag, og peika på at talet på eldre i verda kan kome til å verte 1,5 milliardar i år 2050. Dette vil føre til mange utfordringar, som ein må freiste løyse etter kvart. I år har dagen fokus på aldring med verde: Kor viktig det er å styrke omsorgs- og støttesystem for eldre over heile verda. Dette gjeld både omsorg som vert ytt av profesjonelle og av pårørende.
I Noreg veks talet på eldre, og det vert ofte omtala som Eldrebølgja. – Eit ueigna omgrep, meinte Følsvik. Det er heller ei ressursbølgje.

Ho peika så på utfordringar eldre møter i mange kommunar. Det kan vere mangel på sjukeheimsplassar og sosiale møteplassar. Ofte møter dei eldre eit dårleg utbygt kollektivtilbod, og no ser vi at det også vert skore ned på tilbodet med TT-kort, sa ho mellom anna.
Det andre hovudtemaet var om Pensjonistforbundet både lokalt, på fylkesplan og nasjonalt. Ho peika på kor viktig arbeidet på det lokale planet var. – Ikkje gløym å arbeide for gode sosiale levevilkår, ikkje gløym kaffikosen og den gode samtalen. -Verving av nye medlemmar er også eit prioritert område, sa Følsvik og rosa laget for å fått 6 nye medlemmar den siste tida.
– Veit de kva som er den største grunnen til at pensjonistar ikkje melder seg inn i lokallaga? spurde ho, og gav sjølv svaret. – Dei har aldri blitt spurde!

Så kom velsmakande fårikål på borda, dyktig tillaga av Rolf Kobberstad, og seinare vart det både dessert og kaffi. Åresal og trekking av mange fine gevinstar høyrde også med. Allsongen vart akkompagnert av Oddvar Gausdal på trekkspel

.

Oddvar Gausdal drog opp stemninga med friske tonar på sitt trekkspel

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380