Førebur seg til TV-aksjonen
Det vart mange rundar på mange elevar rundt på løpebana på Hellesylt stadion i fjor. Også i år legg elevane i veg for TV-innsamlinga.
Sunnylven skule førebur seg til ny TV-innsamling, i år til Barnekreftforeninga.
Sunnylven skule var aktivt med under fjorårets TV-innsamling. Det vart arrangert skuleløp på Hellesylt stadion, og med sel av vaflar og anna. I alt kom det inn nesten 55.000.- kroner under arrangementet, eit stort og flott beløp.
Også i år blir Sunnylven skule aktivt med der innsamlinga går til Barnekreftforeninga søndag 20. oktober.
Tysdag 15, oktober blir det skuleløp på Hellesylt stadion frå klokka 13.30 til 15.00
Då er det også høve for foreldre og andre til å møte fram og sjå på skuleelevar som legg runde på runde bak seg på Hellesylt stadion. Alle kan delta med rundebetaling etter avtalt beløp med elevane.
I fjor løp dei kvassaste heile 30 rundar på stadion. Det tilsvarer 12000 meter,
Kom til stadion 15. oktober, sjå og støtt ei viktig sak som elevar og lærarar ved Sunnylven skule engasjerer seg i. Kanskje blir det ny innsamlingsrekord på arrangementet?, det hadde vore flott.