Fullsett på Sunnylvsbygda grendahus
Svært mange møtte fram for å smake og feire årets resultat frå beitesesongen. Laurdag kveld fylte 103 personar salen i Sunnylvsbygda grendahus under årets saudehaudfest.
Saudehaudfesten til grendalaget i Sunnylvsbygda har blitt kjent for mange også utanfor lokale områder. Laurdag kom over hundre personar for å smake, men også oppleve årets største fest i grendahuset på Hauge.
Mellom dei var mange frå nabobygder, noko arrangøren tykte var flott og sette pris på.
Geir Frøysa ønska alle vel møtt til saudehaudfest.
Og serveringa fall i smak hos alle. Heile 260 halve saudehaud vart sett fram, i lag med poteter og kålrotstappe. For dei som ikkje tykte saudehaud var innbydande kunne dei forsyne seg av kokmør.
Denne gongen var det spesielle hovedmåltidet ekstra godt. Der var ekstra mykje kjøtt igjen, og tilberedinga med koking/damping hadde blitt gjort over fleire timar. Det var eit ekstra godt måltid, med dessert og kaffi til slutt.
I år var det 30 gongen Sunnylvsbygda grendalag arrangerte saudehaudfest.Truleg blir det fleire arrangement i åra som kjem, i alle fall så lenge bønder har dyr som kjem heim frå fjellbeite.
Saudehaudfesten i Sunnylvsbygda grendahus vart avslutta langt inn i dei små timar med musikk og dans.
Kjøkkengjengen som leverte det eksklusive måltidet; Frå høgre Ruth Hole Aalend, Hanne Kvame, Karolin Parthe, Margreta Helset Janssen og Gisle Aaland
-Det gode måltidet-