Lokalnytt

Har samla inn over 40.000

Desse elevane bidrog med mange rundar rundt stadion. Frå venstre: Kristen, Sander, Emil, Oskar og Ari. (Foto: LF)

Inntektene frå TV-aksjonen går i år til Barnekreftforeninga. I den forbindelse vart det ved Sunnylven skule denne veka arrangert skuleløp for å samle inn pengar.

Elevane sprang rundar rundt Sunnylven stadion, og hadde på førehand skaffa seg «sponsorar» som bidrog med betaling pr runde som elevane sprang. I tillegg hadde mellomsteget laga kaker som vart selgt til tilskodarane under arrangementet.

Pr 19. oktober har elevane samla inn over 42.000. Kjempebra jobba !

Det er framleis råd å støtte initiativet ved å gå inn på :

https://www.spleis.no/project/387710

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info