Haustfest i Fjellrosa 4H
Ane Brenne Ringdal
Laurdag 19. oktober var det haustfest i Fjellrosa 4H. Samlinga var på Sunnylvsbygda grendahus.
Det var stort frammøte av unge og eldre i storsalen på Sunnylvsbygda grendahus laurdag. Der hadde 4H-klubben Fjellrosa sin årsfest med program, servering og premiering av fullførte 4H-oppgåver.
Fredrik Fivelstad Stadheim hadde vore snikkar som 4H-oppgåve.
Jakob Frøysa Hånes hadde jakta på hjort.
Elias Skjortnes Røyrhus, burvaktar for Sunnylven G14 i fotball hadde valgt nettopp fotball som si oppgåve.
Heile 20 medlemer hadde stilt ut sine oppgåver og vart premierte. Ei flott og variert samling i den lange gange der alle kunne sjå resultata av 4H-arbeida.
Med i programmet var eit tilbakeblikk på kva aktivitetar 4H-arane har vore med på siste år. Imponerande mykje tykte vi.
Og framover blir det meir moro for medlemane i Fjellrosa, for dei skal på tur fleire stader, kunne 4H-rådgjevar Silje Stadheim fortelje. I tillegg blir det også samlingar på heimebane, så aktiviteten er stor i denne klubben.
Siv Anita leia festen der folk fylte den store salen i grendahuset. Ho hadde hjelp av andre også, mellom anna når bordkonkurransen vart gjennomført. Og det var fleire programinnslag av medlemmane, og servering.
Litt ekstra på serveringa denne gongen med ei rett så god marsipankake. Klubben kan nemleg feire 40 år dette året.
I den lange gangen var det rikt og flott utstilt det medlemane hadde jobba med, heile 20 utstillingar.
I Fjellrosa 4H er det med medlemer frå heile Sunnylven.
Til sist under haustfesten var det så premiering for fullførte oppgåver, og alle fekk tildelt merke eller diplom.
Ein gild haustfest i Fjellrosa 4H nok eit år.