LokalnyttUkategorisert

Innsamlingsrekord i Stranda kommune

Tusen takk! skriv Stranda Frivillingsentral til alle som deltok i innsamlingsaksjonen i helga. Heile 362.000.- kroner kom inn i Stranda kommune.

I ein kommentar til innsamlinga skriv komiteen dette;

-Stranda kommune har igjen satt ny innsamlingsrekord! Heile 362 000kr er samla inn så langt, og enno veit vi at det vil dryppe inn fleire kroner til Barnekreftforeninga.

Takk til organisasjonar og næringsliv som har donert og ein ekstra takk til skuleelevar ved Sunnylven skule og Stranda ungdomsskule som har sprunge tallause rundar og bokstaveleg talt gitt alt for saka. Dei har samla inn nesten 100 000kr åleine. Det har blitt halde konsert og kafé som har gitt gode summar i potten.

I samband med sjølve innsamlingsdagen ønskjer vi å rette ein spesiell stor takk til dei 53 elevane ved Stranda Ungdomsskule som stilte opp for denne viktig saka.
Tusen takk også til sjåførane som køyrte ungdommane rundt. Takk til Liabygda Helselag, Sunnylven Idrettslag og Geiranger Ungdomslag for organisering av bøsseberarar i bygdelaga her.
Tusen takk til alle lag og organisasjonar, private, barn og vaksne som deltok som bøsseberarar og sjåførar og brukte søndagen til å samle inn pengar til Barnekreftforeningen. Og takk til deg som har støtta, donert og tatt godt i mot dei frivillige som ringte på døra denne ettermiddagen.

Takk også til Sparebanken Møre for god og kyndig hjelp i opptellinga.

Dersom du ikkje var heime eller fekk besøk, og ønskjer å gi kan du framleis vippse til 2133 i dagane som kjem.
Saman for små heltar!-
heiter det til slutt i kommentaren frå innsamlingsaksjonen i Stranda kommune.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380