Jentekampen enda uavgjort
Sunnylven J14. (Arkivfoto)
Sunnylven J14 skåra det fyrste og det siste målet i kampen mot Ørsta 2 onsdag kveld. Kampen enda uavgjort 5-5.
Det opna lovande for Sunnylven J14 mot Ørsta 2 onsdag. Alt etter sju minutt stod det 1-0 til heimelaget.
Men Ørsta 2 kom tilbake og like etter var det balanse i målprotokollen.
Deretter følgde laga kvarandre heilt til pause der gjestane i kvite drakter leia 3-2.
I andre omgang heldt skåringane fram. Ørsta 2 donka inn nytt mål alt etter fire minutt, men få minutt seinare var Sunnylven igjen berre eitt mål bak.
Slik stod stillinga til tre minutt var att av kampen, då kom ny skåring for heimelaget og det var uavgjort 4-4.
Domar Oddbjørn Aam frå Åmdal IL la på mange minutt i andre omgang, og laga fekk på nytt mål i tuilleggstida. Fyrst Ørsta 2, så Sunnylven. Det enda 5-5 og poengdeling.
Målskårarar for Sunnylven var;
Tora 2, Ingeborg, Terese og Tuva eitt mål kvar.
I ein kamp etter jentelaga frå Sunnylven og Ørsta spela Stranda kvinner mot Hareid.
Stranda vann 3-1.