Lokalnytt

Kjem til Hellesylt med ny bok

Line Storstein er frå Hellesylt, men bur på Lillehammer. Snart kjem ho med si tredje bok, «Det ekte livet».

Line Storstein, forfattar og pedagog kjem til Hellesylt i november med si nye bok  «Det ekte livet».Dette er tredje boka Storstein gjev ut.

Line Sorstein er frå Hellesylt så ei ny boklandsering på Hellesylt Boutiqe & Bar var naturleg. Ho starta skrivinga i 2020 då eit samliv gjekk i stå. Det vart ein måte å bearbeide følellsar på , har ho uttala.
Men Line viste fort at ho hadde talent som skribent og  snart kom det både dikt og bøker frå hennar penn.

Den fyrste boka, «Ord til deg» kom ut i 2022 og året etter kom «Fra mitt hjerte til ditt» No kjem ho med den tredje «Det ekte livet.»

I den nye boka skriv Line om eit meir inkluderande og empaterande samfunn.
«Eg ønskjer eit samfunn som rommer alle menneske, med alle våre forskjeller, seier ho i eit intervju med ei avis. og legg til; -Vi må våge å dele kvardagane med kvarande, også det som er vondt og vanskeleg.

Storstein understrekar viktigheit av sjølvpleie og senke prestasjonskrava vi omgjev oss med.
-Nokre forvekslar eigenomsorg med egoisme. Det må vi slutte med. Velg deg sjølv fyrst, for på den måten fyller du ditt eige drivstofflager slik at du har nok omsorg og kjerligheit til å gje vidare-.

Som ein aktiv person finn Line Storstein inspirasjon i musikk og natur. Vi ser henne fort på ski og andre friluftsaktivitetar, og mange av bilda i boka hennar har ho teke sjølv på turar.

-Naturen er min terapi, seier ho:
Med boka «Det ekte livet «håper Line å gje lesarane styrke og kraft i vanskelege situasjonar i livet.

Made with PhotoPhix

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380