Lokalnytt

Konsert i Sunnylven kyrkje for TV-aksjonen

Sunnylven kyrkje

Konsert til inntekt for TV-aksjonen Barnekreftforeningen

Av Ragnhild Stadheim

Stranda Kulturskule og Stranda Frivilligsentral inviterer til ein musikalsk time i Sunnylven kyrkje torsdag 17.oktober kl. 19:30. Inntektene går til TV-aksjonen 2024 og Barnekreftforeningen.

Årets TV-aksjon har eit sterkt og viktig tema. Annakvar dag får eit barn kreft og kvar veke blir 10 born født med hjartefeil. Med midlane frå innsamlinga vil Barnekreftforeningen bygge familiehus i nærleiken av sjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Slik vil familiar kunne vere saman medan borna går til behandling. Sjølve innsamlingsdagen er søndag 20.oktober – saman går vi for små heltar!

I Sunnylven kyrkje torsdag 17.oktober vil ein få høyre unge aktørar frå kulturskulen i Stranda kommune, samt andre kjente og kjære aktørar frå kulturlivet lokalt. Det blir mykje song og musikk, men også tekstlesing. Ordførar Einar Arve Nordang vil halde appell og det heile vil bli knytt saman og leia av elevar ved 10.klasse frå Sunnylven skule.

Billettar: Vaksne 150,- og barn 50,-.

Vipps via Spleis eller kontantar i Sunnylven kyrkje før konsertstart. Alle inntekter går til TV-aksjonen Barnekreftforeningen.

Velkomen skal du vere.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380