Konsert med mange gode aktørar
Sunnylven kyrkje
Det blir ei stor og flott samling av gode artistar i Sunnylven kyrkje torsdag kveld 17. oktober. Der blir det konsert for TV-aksjonen 2024.
Det nermar seg årets TV-aksjon 2024. I år går innsamlinga til Barnekreftforeninga som skal etablere familieleilegheiter ved sjukehus i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.
Søndag 20 oktober kjem bøsseberarar rundt for innsamling til TV-aksjonen .
I Sunnylven blir det fleire opplegg for innsamlinga, både ved Sunnylven skule og ved Sunnylven kyrkje
Sunnylven skule arrangerer skuleløp på Hellesylt stadion slik dei gjorde i fjor. Her håper elevar og lærarar at også mange foreldre møter opp og støttar arrangementet med eit beløp per runde som elevane spring rundt stadion.
I fjor vart det mange rundar av elevane og det kom inn nær 55.000.- kroner. Det beløpet håper dei sjølvsagt å få inn også i år.
I Sunnylven kyrkje blir mange aktørar å høyre torsdag kveld 17. oktober frå klokka 19.30.
Vi får høyre mykje song og musikk, kanskje mest på piano, men også fiolin og frå band.
Aktørane kjem frå heile Stranda kommune, og frå Sunnylven deltek Siril Kjellstadli, Synnøve Hjellbakk Hole og Kristin Storstein.
I alt åtte aktørar og to band, Kor Løye og Kristine Langlo sitt band blir å høyre under konserten.
Og det blir tekstlesing av Ingebjørg Sporstøl.
Til stades under konserten blir også ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang med appell og helsing frå kommunen.
Så møt fram til ein flott TV-konsert i Sunnylven kyrkje torsdag 17. oktober klokka 19.30.
Bill.pris vaksne kr. 150.- barn kr. 50.-