Laurdagskafe med gode kaker
Det vart ein vellukka laurdagskafe med mange gode kaker for sanitetslaget, her frå høgre leiar Hilde Langlo Brekke, Kari Hauso Stadheim og Ruth Hole Aaland.
Det vart gode kaker og godt drøs kring borda på Sunnylven samfunnshus laurdag. Der inviterte Sunnylven sanitetslag på laurdagskafe.
Sjølv om laurdagskafeen til Sunnylven sanitetslag var på same dag som andre aktivitetar i bygda vart frammøtet bra. Mange var nok på haustfest i 4H-klubben Fjellrosa og nokre jobba dugnad ved gapahuken på Holten.
Inntektene på laurdagskafeen til sanitetslaget skulle gå uavkorta til TV-aksjonen i år, fekk vi oss fortalt. Det vart nok fleire tusen kroner til innsamlinga, utan at vi fekk full oversikt over beløpet.
Sunnylven sanitetslag er aktiv på fleire områder, ikkje berre son arrangør av laurdagskafe kvar haust.
Laget inviterer til samkomer som Lesevenn, bingo på omsorgssenteret, strikkekveldar og meir.
Siste helga i november blir det adventsstund på Sunnylven omsorgssenter der laget byd på god servering til pensjonærane.